Miljøstatus i Noreg  |   Miljøstatus i fylka  |   Miljøstatus i kommunane  |   Om nettstaden  |   Sidekart
Hovedside
Kjemikaliar


Både tidlegare synder og aktivitet i dag fører til at folk og naturmiljø i Møre og Romsdal er påverka av kjemikaliar. Kjemikaliar finst både i flytande og i fast form, eller som gass. Nokre finst naturleg i naturen, til dømes kopar og bly, medan andre vert laga av menneske, mellom anna i industriprosessar. Mange stoffer er nødvendige for planter og dyr, men kan vere skadelege dersom konsentrasjonane blir for store. Eit stoff vert rekna som ei miljøgift dersom stoffet kan gi skader sjølv når stoffet bare er til stades i låge konsentrasjonar eller i små mengder.
Forureina grunn og sedimenter registrert
Det er påvist kjemikaliar og miljøgifter fleire stader i Møre og Romsdal. Dette gjelder spesielt i sediment i fleire hamner, utanfor visse industriverksemder, eller i område på land der dei aktuelle stoffa er brukt, lagra eller deponert. Det er gjennomført ei kartlegging av miljøgifter sedimenta i fleire område i fylket. Likeså er mange område med forureina grunn blitt registrert.
Hamnebassenget i Ålesund er blant dei mest forureina områda i landet. Hamna er blant 11 hamner der Klif i 2000 har varsla pålegg om miljøtiltak.
Statens næringsmiddeltilsyn har i kosthaldsråd frå 2002 frarådd konsum av fiskelever og skjell frå Tingvollfjorden/Sunndalsfjorden innafor Haltvika - Øygardsneset.
 
Det er gjennomført visse kartleggingar av forureina sediment i fylket. Resultatet er vist i eigne rapportar: Kartlegging av miljøgifter i marine sediment i Møre og Romsdal og Miljøundersøkingar i småbåthamner i Møre og Romsdal. I rapporten Miljøkartleggingar i fjordar og kystfarvatn i Møre og Romsdal pr. 01.01.2000 er både desse undersøkingane og andre som er gjort av NIVA/Klif omtala.
 
Det er gjennomført visse kartleggingar av forureina grunn i fylket. Dette gjeld gamle avfallsplassar og eit utval industritomter. Dette materialet er mangelfullt. Det er truleg langt fleire område med forureina grunn, herunder i byar og tettstader, samt i mange industriområde. Ein må og vurdere om masse er blitt flytta i samband med bygge- og anleggsarbeid.
Stanse nye utslepp og rydde opp
Det er to former for tiltak som må gjennomførast.
  1. Stanse nye utslepp og tilførslar ved at miljøfarlege kjemikaliar blir erstatta med andre stoff, at forbruket blir mindre eller meir kontrollert og at dei eller samla opp og behandla på ein forsvarleg måte, bl a som spesialavfall.
  2. Rydde opp der forholda ikkje er aksptable. I samband med dette er det nødvendig med meir omfattande kartlegging og vurdering av kva område som er eller kan vere forureina.
Temabilde

Bookmark and Share
Ansvarleg redaktør: Per Fredrik Brun
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde. Telefon 71 25 80 00
Sist oppdatert 13.03.2007 : Fylkesmannen i Møre og Romsdal